onsdag 3. mars 2010

thailand


da me reiste t asia hadde me foelgande paa planen: "fullmoonparty", "tubing in laos" og surfing i indonesia. oersmaa ambisjonar og haaplaus planlegging med andre ord. me hadde ikkje peiling paa nokon ting ana, naar me kom t thailand, enn at me ville vekk fraa bangkok. det va difor rein og skjer flaks at me enda opp paa det nevnde fullmoonpartyet samme dag som me ankom thailand. for naar neste fullmaane kom til aa vere va for mykje forlangt at me skulle gidde aa finne ut sjeolv. uansett, det ordna seg for snille gutter. det som moette oss der va ein plass mellom 10 000 og 30 000 folk som nesten alle hadde dressa seg opp(eller ned) og pynta seg for anledningen. fullmoonbunaden besto av signalfarga shorts, helst groen, som sto i stil med svettebaanda ein hadde plassert rundt om paa kroppen. nokre jenter valde aa kle seg litt meir anstendig, med englevinger paa ryggen og katteoerer pa hovudet. om dette ikkje viste seg tilstrekkeleg skrikande pynta ein paa med kroppsmaling, i signal og sjoelvlysande fargar. ryggen, armane, fjeset, ingenting fekk vere i fred for malingskosten. mange nytta hoevet til aa kome med appellar, og standpunkt som til doemes:"I'm horny", "I'm a slut" eller "fuck me, I'm dunk".
alt kan skje paa ein slik fest. og yngve som har bruka store delar av turen paa aa klage over kor rotete og surrete tarjei er, fekk seg ein nasestyvar da han oppdaga at lommeboka plutseeg var sporlaust forsvunne. han hadde sjoelvsagt vore generoes nok til aa ta seg av pengane mine og, slik at eg ikkje skulle miste dei.
naar ein mistar baade sine eigne og andre sine pengar blir ein som kjent litt grinete. yngve valde aa la aggresjonen gaa ut over ein ladyboy, som var paa feil plass til feil tid. "det funker ikke det der, du maa barbere bryna dine bedre!" va beskjeden. paa klingane norsk sjoelvsagt, sidan han ikkje ville ha enda meir troebbel. men svaret var og av det norske slaget. eit velplassert slag i solar plexus.
alt i alt ein finfin kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar