søndag 29. mars 2009

Nyepi i kedongonan

Det vore nyttår på Bali. Nyttårsfeiringa var ikkje av den vande sorten. Det var inga halvtomme champagneglas. Inga kalde kjakar. Inga heite lepper. Inga rakettar på avveie. inga spy i senga. Inga umoglege nyttårsløfter, og inga anger og hovudpine 1. nyttårsdag. Rett og slett fordi at det va inga folk. Alle som ein sat inne og gjømte seg. Alle som ein sat inne med avbitne neglar, sveitte armholer og kleiande hovudbunnar. Alle som ein sat i si eiga lille stove i tussmørkret og tal timar til neste år. Nyttårsdøgret er nemleg inga festleg affære her nede. Det er det døgnet i året da dei onde åndane kjem innom for å sjå om det er nokre menneske dei kan spreie jæveldom over. Så då ma alle gøyme seg, og skru av lyset, slik at åndane skjønnar at det ikkje finst menneske på staden og reiser vidare i sin ferd. Mest sansynleg til Java, som er rota til alt ondt i Indonesia(ifølge Balineserane). Om ein reiser ut denne dagen, så risikerar ein ikkje berre å bli besatt av onde ånder, ein risikerar og ei kule i hovodet. Ein har nemleg ”rett” til å skyte folk som er ute dette døgnet. Spørsmålet blir vel då kven som har ballar til å være ute og skyte folk på ein dag som dette.
me sat og gøymte oss me og. Eit heilt døgn i den vesle leiligheten vår.
måtte 1932 bli like godt som 1931 var….