søndag 13. desember 2009

profil av yngve.


dett er min reisekompanjong. han er den ultimate reisekompiss. han har nemlig ipod med masse applikasjonar. den eine er eit program som kan oversette spansk t engelsk. bare litt dumt at ein må ha trådlaust internett i nærleiken for at det ska fungere. eit ana program me nok kjem t å ha mykje nytte av, er ein snedig liten sak som viser barmfagre kvinner som spring på ein 3D-mølle. desse kan du både spille av i rask og sein versjon. og når me er inne på trening har han i tilleg eit program som viser så og sei alt som er av treningsstillingar. desse kan du og spille i sein versjon. i tillegg til det har han over 1300 sangar på ipoden.
yngve er liten av vekst, men dette tar han igjen for så det monar ved å ha kurs i arrestasjonsteknikk frå garden. i tillegg er han jo frå rauland, så eventuelle slosskampar finnst eg ikkje redd for.i militæret har han og lært praktiske oppgåver som å re opp senga si og vaske bilar. på toppen av det heile er han svært musikalsk. han kan skilte med merittar med både hardingfele og bassgitar.
han har og spela kretsfinale i 7'er-fotball med il dyre vaa.
her kan dykk sjå yngves ballkunster:
http://www.youtube.com/watch?v=Y-1A66D1m7I

med andre ord, eg er i gode hender.

tirsdag 8. desember 2009

livstegn

hei. slapp av, eg lever. eg er ikkje ein gong litt sjuk. eg har bare ikkje hatt eit liv. det vil sei, eg har i aller høgaste grad levd, men det har vore eit slik liv som ein helst ikkje vil plage andre med å lese om. eg veit nemleg at det finst sympatisørerar av denne bloggen der ute som vil kjempe seg gjennom eit innlegg av rein medkjensle. slik som eg for tida kjempar meg gjennom kvar bidige liverpoolkamp. og den kjempinga har eg difor spart dykk for ved å ikkje blogge i det heile. og nestekjærleg som eg er har eg i tillegg sett av eit halvår for å kunne underhalde dykk. eg og min kjære vesle ven yngve(som dykk snart skal få eit portret av) har vore henhaldsvis soldat og sparegris for å kunne diske opp med nye historiar på bloggen. storsinna som me er let me dykk ikkje i stikken med tørre referat frå las palmas, eller mallorca for den del. me nøyer oss ikkje med eit kontinent, me slenger likegodt 4 i disken og tek batalinga som det kjem. da har eg reikna med eit lite pit-stopp for nye forsyningar i den eksotiske byen oslo som eit kontinent. og ei 3 dagars stopp i new york som det andre. (kritiske røyster vil nok rynke på nasen over at me tel dette som kontinent, og eg er sjølvkritisk)etter det skal me til latin-amerika og asia, på nokre lengre opphald. alt for å kunne gje dykk gode historiar å humre over, mens dykk et poteter og fiskepinnar i grått vintervær. det at me kan stå opp akkurat når me vil, ta på oss ein solbleika shorts og gå ut i den skinnande dagen, der me må ta det tunge valget om me skal surfe før eller etter frukost, blir berre som ein ørliten bonus.
men det heile er framleis ein månad til. på dagen.

fredag 24. april 2009

surfetur t java

Balineserane hatar Java. Det er rota til alt vondt. Alt frå onde ånder, til søppelet som flyt rundt i gatene kan dei takke javaneserane for. Me drog på tur for å finne bølgjene og sjå om det var hald i fordommane. Gjengen var på 8 nordmenn, ei sveitsar og ein balineser. Flyet landa i den fancy og rett vestlige byen Jogjakarta. 6-7 timar seinare var me på ein svært austleg og primitiv strand. Plassen bydde på kokosnøtter, strand, lokale, rullesteinar, jungel og bølgjer. Me drakk kokosnøttene, sov på stranda, helsa og fekta med armane til dei lokale, slo oss(og bretta) i rullesteinene, gjekk på do i jungelen og surfa bølgjene. Det var som å komme til robinsonøya der alle hadde med seg surfebrett som sin personlege eigendel. Vel og merke ei robinsonøy der det var flust med lokale, og me fekk servert mat kvar dag. Stemninga må vel og seiast å være noko mindre trykka enn i realityserien. Det var inga intriger og krangling. Når eg tenker meg om, trur eg faktisk at eg droppar heile robinson samanlikninga. eg kan heller fortelje om når eg skulle på do, den eine dagen. Eg tenkte meg å gå litt unna campen, slik at eg ikkje dreit meg for mykje ut. Det var som kjent inga avsatt plass til å gjere det mest naturlege i heile verda. Eg gjekk difor lenger og lenger inn i jungelen, i håp om å finne eit privat avlukke. Då eg endeleg såg ut til å nærme meg ein respektabel palmeklynge vart eg overraska av ein gamal mann. Han såg ut som sjuande far i palmeskogen, og huden hans bar preg av mange år i sola. Han var like krokete som sigda han bar i beltet, og eg fekk ryggen til Axel Teichmann i forhold. Han gliste eit tannlaust smil då eg kom. Og byrja å fekte med armane. Eg gliste og fekta tilbake. Før eg hadde fått fekta meg ferdig hadde oldefar tatt plass ved ei palme, og like etter var han på veg opp. Han kleiv opp til topps og såg ned på meg 20 meter ovanfrå. Så gliste han tannlaust. Berre ikkje byrj å fekte med armane no, tenkte eg. Det gjor han heller ikkje. Han fekta heller med sigda, og vips så landa det ei kokosnøtt, nokre meter unna. Like raskt som han hadde klivd opp, var han nere igjen og hogde laus på kokosnøtta. Eg og oldefar veksla nokre blikk og smil mens me fekta med armane til kvarandre, mens eg drakk av mjølka han hadde skaffa til meg. Eg dreit ikkje i palmekrattet hans på den turen.
Dei lokale var ikkje berre å finne i palmeskogen. Dei var overalt. Og ein såg dei ikkje før ein gjekk i fanget deira. På kvelden var det imidlertid mykje enklare, for da kunne ein navigere seg unna ved hjelp av sigarettglørne deira. Om dei ikkje satt i skogen var dei på stranda. Til tider var heile landsbyen samla på sanden for å sjå på dei komiske gringoane. Stranda sette i latterbrøl kvar gong ein av oss gjekk på trynet i bøljene. Men til gjengjeld ynskte dei oss velkomne med nudlar, kaffe og kokosnøtter når me steig opp av vatnet.
Balineserane har med andre ord lite hald i fordommane sine…

mandag 13. april 2009

surfetur til Lombok

Det var siste dagen på lombok. Me hadde fått surfa så mykje som kroppen tolde, på overraskande store bølgjer. Ferien hadde vore ein einaste orgie av opplevelsar, nydeleg natur, bølgjer og billeg ris. Men det store swellet kom ikkje før på denne siste dagen. Me bestemte oss difor for å reise ut grytidleg for ein session før fuglane fis, og før flyet heim til bali fyk. Ferda gjekk mot eit brekk som tok opp swella utruleg bra. Med oss hadde me til og med ein fotograf som skulle sikre oss nokre minner for livet. Etter ein kort biltur satte me oss i båten på veg ut. Steminga og nervøsiteten steig parallelt i det me nærma oss bølgjene. Det var stort. Større enn nokon av oss hadde surfa nokon gong. Ord som doublehead svirra i lufta. Men me hadde prøvd staden på mindre swell tidlegare og visste at det var ei enkel bylgje, om me berre kom oss på den. Redde og forhåpningsfulle sette me i gang å padle ut til bylgjene. Personleg haldt eg motviasjonen oppe ved at me i alle fall ville få nokre tøffe bilete om me turde å hive oss inn i bylgja. Etter drye 10 minutt kom det ei bylgje som var verdt å prøve på. Eg padla det eg var kar for, mens bølgja løfta meg til høgder der surstoffmangel er eit aktuelt problem. Den snusar og røskar litt i meg for å sjå om eg er verdt ein tur i karusellen. Etter kvart som bylgja steig, testa den meg ut, og dytta fart i meg. På toppen hadde den bestemt seg og skøyt fart i meg. eg takka for tilliten og tok ein pop-up. Farta auka nedover den lange bølgjedalen, og eg kjende trykkforskjellen i øyrene på veg ned. Turtalsteljaren for hjarta sto i det raude feltet då eg svingde meg unna nedst for å komme meg bort etter veggen. Lukka var høgare enn redsla då eg poserte for fotografen mens mi livs største bylgje tok meg med på ei berg og dalbanetur utan sikkerhetsbelte. Eg takka bylja for følgje, og svingde av. På den lange vegen tilbake var eg eit einaste stort smil. Eg hadde leika politi og røvar med ein som var mykje større og sterkare enn meg, og eg hadde vunne. I tillegg hadde eg fått det dokumentert. Det tok ikkje lange tida før eg prøvde meg igjen. Denne bylja var enda større. Og den var ikkje interessert i å leike med slike småungar som meg. den lot meg heller smake lanken, etterfølgjande av saltvatn. Ja ja, tenkte eg, det vart sikkert eit morosamt og spektakulært bilete. Etter denne bølgja kom det eit sett, større enn eit troll. Og eg fekk juling så det mona. Å padle gjennom det var ca like lett som å sette fyr på eit basseng. Eg drukna 7-8 gonger før eg hadde blitt dradd så langt bort at bølgja hadde mista styrken. Stian hadde gått gjennom same helvete og me kunne konstatere at eg hadde brista brettet, og han hadde brote av 2 finner i bruduljene mot bølgjene. Då me kom tilbake til båten sat fotografen å røykte. Så åt han. Så konstanterte han at han ikkje hadde tatt nokon bilete. Banneorda sat laust. Me hadde ofra liv og lemmar for å sikre skrytemateriale, også sit den late kødden der og gjer alt ana enn jobben sin. han rista på hovudet og skulda på at han hadde sitti for langt vekk.
I ein båt,
med motor,
på havet.
Me reiste heim til bali utan bilete, men med sundrivne brett og skamslåtte kroppar.

søndag 29. mars 2009

Nyepi i kedongonan

Det vore nyttår på Bali. Nyttårsfeiringa var ikkje av den vande sorten. Det var inga halvtomme champagneglas. Inga kalde kjakar. Inga heite lepper. Inga rakettar på avveie. inga spy i senga. Inga umoglege nyttårsløfter, og inga anger og hovudpine 1. nyttårsdag. Rett og slett fordi at det va inga folk. Alle som ein sat inne og gjømte seg. Alle som ein sat inne med avbitne neglar, sveitte armholer og kleiande hovudbunnar. Alle som ein sat i si eiga lille stove i tussmørkret og tal timar til neste år. Nyttårsdøgret er nemleg inga festleg affære her nede. Det er det døgnet i året da dei onde åndane kjem innom for å sjå om det er nokre menneske dei kan spreie jæveldom over. Så då ma alle gøyme seg, og skru av lyset, slik at åndane skjønnar at det ikkje finst menneske på staden og reiser vidare i sin ferd. Mest sansynleg til Java, som er rota til alt ondt i Indonesia(ifølge Balineserane). Om ein reiser ut denne dagen, så risikerar ein ikkje berre å bli besatt av onde ånder, ein risikerar og ei kule i hovodet. Ein har nemleg ”rett” til å skyte folk som er ute dette døgnet. Spørsmålet blir vel då kven som har ballar til å være ute og skyte folk på ein dag som dette.
me sat og gøymte oss me og. Eit heilt døgn i den vesle leiligheten vår.
måtte 1932 bli like godt som 1931 var….

lørdag 28. februar 2009

torsdag 19. februar 2009

dramatikk i kedongonan

Dramatikk i kedongonan.
Det har vore stor dramatikk i kedongonan desse dagane. Fredrik, som er den mest nevneverdige av sambuerane mine, fekk eit merkeleg utslett på hendene. Heile handflatene hans var brun/oransje og det heile såg ganske så sjukt ut. Til tross for bekymringane møtte Fredrik heltemodig opp til undervisning. Det gjekk slett ikkje bra. Då sjukepleiaren på skulen fekk sjå handflatene vara det ikkje lenge før guten blei sendt i hui og hast til sjukehus. Det blei det tatt masse prøver av Fredrik, men ingen skjønna kva dette kunne være. Dei hadde aldri sett noko liknande før. Fredrik vart offer for medisinsk undring og brune hender. Kva hadde skjedd? Hadde han tatt på noko, ete noko eller kanskje alle peigmenta han låg i handflatene? Han gjømte seg heime for å ikkje bli ledd ut av dei andre studentane. Som ein spedalsk levde han nokre dagar på rommet, der han pløya igjennom episode etter episode av entorage.
Etterkvart fann han likevel ut at han måtte komme seg ut i sola, det var jo delvis det han hadde kome hit for. Uheldige Fredrik vart sjølvsagt brent. På kvelden smørte han seg difor inn med ”nivea, after sun- with a touch of self-tan”.

søndag 1. februar 2009

kroppen min

kroppen skrik og ber seg når eg fortel at snart skal han ner til bali igjen. ner til kronisk diarè, soleksem, "surferash"og uhaldbar varme. til vekttap og sår som ikkje vil gro. ner til fuktigheta som gjer det umogeleg å tørke nokon ting som helst. ner til forurensa luft og uhyggelege luktar. til kakelakkar og rotter. lausebikkjer med rabies og høner med fugleinfluesa.

"kvifor tarjei, kvifor?" undrar kroppen seg. her som me har det så godt? her i kulda. dei forfriskande morgonturane til jobb i 20 minus. dei lange arbeidsdagane, med moglegheit for massage. blåfrosne fingrar og ertande forkjøling. vil du ofre goder som dette for nokre stakkars studiepoeng?

eg må inrømme at argumenta til kroppen legg seg i bakhovudet, og kværnar. er det ikkje ein stor sum å betale, å ofre helsa for å komme ner dit? er det værkeleg verdt det?

men eg endar opp med det same kvar gong: studiene må komme fyrst.

torsdag 22. januar 2009

det var inga veg utanom

nokre går mot straumen. dei slit seg gjennom fordommar og stadige spyrsmål om kvifor dei vel å leve så annleis. kvar dag er ein kamp for å forsvare si tru. sin stolthet. desse streverane slit seg gjennom kvardagen for å gjennomføre sitt levesett. er ikkje Noreg stort nok til å ha plass til alle?

tydlegvis ikkje, og no har eg sjølv krype til korset og gitt etter for presset. eg orka ikkje meir mas. eg orka ikkje fleire fordomsfulle blikk. orka ikkje fleire slengkommentarar. eg orka ikkje stå på utsida.
eg har vorte bloggar.