fredag 24. april 2009

surfetur t java

Balineserane hatar Java. Det er rota til alt vondt. Alt frå onde ånder, til søppelet som flyt rundt i gatene kan dei takke javaneserane for. Me drog på tur for å finne bølgjene og sjå om det var hald i fordommane. Gjengen var på 8 nordmenn, ei sveitsar og ein balineser. Flyet landa i den fancy og rett vestlige byen Jogjakarta. 6-7 timar seinare var me på ein svært austleg og primitiv strand. Plassen bydde på kokosnøtter, strand, lokale, rullesteinar, jungel og bølgjer. Me drakk kokosnøttene, sov på stranda, helsa og fekta med armane til dei lokale, slo oss(og bretta) i rullesteinene, gjekk på do i jungelen og surfa bølgjene. Det var som å komme til robinsonøya der alle hadde med seg surfebrett som sin personlege eigendel. Vel og merke ei robinsonøy der det var flust med lokale, og me fekk servert mat kvar dag. Stemninga må vel og seiast å være noko mindre trykka enn i realityserien. Det var inga intriger og krangling. Når eg tenker meg om, trur eg faktisk at eg droppar heile robinson samanlikninga. eg kan heller fortelje om når eg skulle på do, den eine dagen. Eg tenkte meg å gå litt unna campen, slik at eg ikkje dreit meg for mykje ut. Det var som kjent inga avsatt plass til å gjere det mest naturlege i heile verda. Eg gjekk difor lenger og lenger inn i jungelen, i håp om å finne eit privat avlukke. Då eg endeleg såg ut til å nærme meg ein respektabel palmeklynge vart eg overraska av ein gamal mann. Han såg ut som sjuande far i palmeskogen, og huden hans bar preg av mange år i sola. Han var like krokete som sigda han bar i beltet, og eg fekk ryggen til Axel Teichmann i forhold. Han gliste eit tannlaust smil då eg kom. Og byrja å fekte med armane. Eg gliste og fekta tilbake. Før eg hadde fått fekta meg ferdig hadde oldefar tatt plass ved ei palme, og like etter var han på veg opp. Han kleiv opp til topps og såg ned på meg 20 meter ovanfrå. Så gliste han tannlaust. Berre ikkje byrj å fekte med armane no, tenkte eg. Det gjor han heller ikkje. Han fekta heller med sigda, og vips så landa det ei kokosnøtt, nokre meter unna. Like raskt som han hadde klivd opp, var han nere igjen og hogde laus på kokosnøtta. Eg og oldefar veksla nokre blikk og smil mens me fekta med armane til kvarandre, mens eg drakk av mjølka han hadde skaffa til meg. Eg dreit ikkje i palmekrattet hans på den turen.
Dei lokale var ikkje berre å finne i palmeskogen. Dei var overalt. Og ein såg dei ikkje før ein gjekk i fanget deira. På kvelden var det imidlertid mykje enklare, for da kunne ein navigere seg unna ved hjelp av sigarettglørne deira. Om dei ikkje satt i skogen var dei på stranda. Til tider var heile landsbyen samla på sanden for å sjå på dei komiske gringoane. Stranda sette i latterbrøl kvar gong ein av oss gjekk på trynet i bøljene. Men til gjengjeld ynskte dei oss velkomne med nudlar, kaffe og kokosnøtter når me steig opp av vatnet.
Balineserane har med andre ord lite hald i fordommane sine…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar