tirsdag 8. desember 2009

livstegn

hei. slapp av, eg lever. eg er ikkje ein gong litt sjuk. eg har bare ikkje hatt eit liv. det vil sei, eg har i aller høgaste grad levd, men det har vore eit slik liv som ein helst ikkje vil plage andre med å lese om. eg veit nemleg at det finst sympatisørerar av denne bloggen der ute som vil kjempe seg gjennom eit innlegg av rein medkjensle. slik som eg for tida kjempar meg gjennom kvar bidige liverpoolkamp. og den kjempinga har eg difor spart dykk for ved å ikkje blogge i det heile. og nestekjærleg som eg er har eg i tillegg sett av eit halvår for å kunne underhalde dykk. eg og min kjære vesle ven yngve(som dykk snart skal få eit portret av) har vore henhaldsvis soldat og sparegris for å kunne diske opp med nye historiar på bloggen. storsinna som me er let me dykk ikkje i stikken med tørre referat frå las palmas, eller mallorca for den del. me nøyer oss ikkje med eit kontinent, me slenger likegodt 4 i disken og tek batalinga som det kjem. da har eg reikna med eit lite pit-stopp for nye forsyningar i den eksotiske byen oslo som eit kontinent. og ei 3 dagars stopp i new york som det andre. (kritiske røyster vil nok rynke på nasen over at me tel dette som kontinent, og eg er sjølvkritisk)etter det skal me til latin-amerika og asia, på nokre lengre opphald. alt for å kunne gje dykk gode historiar å humre over, mens dykk et poteter og fiskepinnar i grått vintervær. det at me kan stå opp akkurat når me vil, ta på oss ein solbleika shorts og gå ut i den skinnande dagen, der me må ta det tunge valget om me skal surfe før eller etter frukost, blir berre som ein ørliten bonus.
men det heile er framleis ein månad til. på dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar