fredag 24. april 2009

surfetur t java

Balineserane hatar Java. Det er rota til alt vondt. Alt frå onde ånder, til søppelet som flyt rundt i gatene kan dei takke javaneserane for. Me drog på tur for å finne bølgjene og sjå om det var hald i fordommane. Gjengen var på 8 nordmenn, ei sveitsar og ein balineser. Flyet landa i den fancy og rett vestlige byen Jogjakarta. 6-7 timar seinare var me på ein svært austleg og primitiv strand. Plassen bydde på kokosnøtter, strand, lokale, rullesteinar, jungel og bølgjer. Me drakk kokosnøttene, sov på stranda, helsa og fekta med armane til dei lokale, slo oss(og bretta) i rullesteinene, gjekk på do i jungelen og surfa bølgjene. Det var som å komme til robinsonøya der alle hadde med seg surfebrett som sin personlege eigendel. Vel og merke ei robinsonøy der det var flust med lokale, og me fekk servert mat kvar dag. Stemninga må vel og seiast å være noko mindre trykka enn i realityserien. Det var inga intriger og krangling. Når eg tenker meg om, trur eg faktisk at eg droppar heile robinson samanlikninga. eg kan heller fortelje om når eg skulle på do, den eine dagen. Eg tenkte meg å gå litt unna campen, slik at eg ikkje dreit meg for mykje ut. Det var som kjent inga avsatt plass til å gjere det mest naturlege i heile verda. Eg gjekk difor lenger og lenger inn i jungelen, i håp om å finne eit privat avlukke. Då eg endeleg såg ut til å nærme meg ein respektabel palmeklynge vart eg overraska av ein gamal mann. Han såg ut som sjuande far i palmeskogen, og huden hans bar preg av mange år i sola. Han var like krokete som sigda han bar i beltet, og eg fekk ryggen til Axel Teichmann i forhold. Han gliste eit tannlaust smil då eg kom. Og byrja å fekte med armane. Eg gliste og fekta tilbake. Før eg hadde fått fekta meg ferdig hadde oldefar tatt plass ved ei palme, og like etter var han på veg opp. Han kleiv opp til topps og såg ned på meg 20 meter ovanfrå. Så gliste han tannlaust. Berre ikkje byrj å fekte med armane no, tenkte eg. Det gjor han heller ikkje. Han fekta heller med sigda, og vips så landa det ei kokosnøtt, nokre meter unna. Like raskt som han hadde klivd opp, var han nere igjen og hogde laus på kokosnøtta. Eg og oldefar veksla nokre blikk og smil mens me fekta med armane til kvarandre, mens eg drakk av mjølka han hadde skaffa til meg. Eg dreit ikkje i palmekrattet hans på den turen.
Dei lokale var ikkje berre å finne i palmeskogen. Dei var overalt. Og ein såg dei ikkje før ein gjekk i fanget deira. På kvelden var det imidlertid mykje enklare, for da kunne ein navigere seg unna ved hjelp av sigarettglørne deira. Om dei ikkje satt i skogen var dei på stranda. Til tider var heile landsbyen samla på sanden for å sjå på dei komiske gringoane. Stranda sette i latterbrøl kvar gong ein av oss gjekk på trynet i bøljene. Men til gjengjeld ynskte dei oss velkomne med nudlar, kaffe og kokosnøtter når me steig opp av vatnet.
Balineserane har med andre ord lite hald i fordommane sine…

mandag 13. april 2009

surfetur til Lombok

Det var siste dagen på lombok. Me hadde fått surfa så mykje som kroppen tolde, på overraskande store bølgjer. Ferien hadde vore ein einaste orgie av opplevelsar, nydeleg natur, bølgjer og billeg ris. Men det store swellet kom ikkje før på denne siste dagen. Me bestemte oss difor for å reise ut grytidleg for ein session før fuglane fis, og før flyet heim til bali fyk. Ferda gjekk mot eit brekk som tok opp swella utruleg bra. Med oss hadde me til og med ein fotograf som skulle sikre oss nokre minner for livet. Etter ein kort biltur satte me oss i båten på veg ut. Steminga og nervøsiteten steig parallelt i det me nærma oss bølgjene. Det var stort. Større enn nokon av oss hadde surfa nokon gong. Ord som doublehead svirra i lufta. Men me hadde prøvd staden på mindre swell tidlegare og visste at det var ei enkel bylgje, om me berre kom oss på den. Redde og forhåpningsfulle sette me i gang å padle ut til bylgjene. Personleg haldt eg motviasjonen oppe ved at me i alle fall ville få nokre tøffe bilete om me turde å hive oss inn i bylgja. Etter drye 10 minutt kom det ei bylgje som var verdt å prøve på. Eg padla det eg var kar for, mens bølgja løfta meg til høgder der surstoffmangel er eit aktuelt problem. Den snusar og røskar litt i meg for å sjå om eg er verdt ein tur i karusellen. Etter kvart som bylgja steig, testa den meg ut, og dytta fart i meg. På toppen hadde den bestemt seg og skøyt fart i meg. eg takka for tilliten og tok ein pop-up. Farta auka nedover den lange bølgjedalen, og eg kjende trykkforskjellen i øyrene på veg ned. Turtalsteljaren for hjarta sto i det raude feltet då eg svingde meg unna nedst for å komme meg bort etter veggen. Lukka var høgare enn redsla då eg poserte for fotografen mens mi livs største bylgje tok meg med på ei berg og dalbanetur utan sikkerhetsbelte. Eg takka bylja for følgje, og svingde av. På den lange vegen tilbake var eg eit einaste stort smil. Eg hadde leika politi og røvar med ein som var mykje større og sterkare enn meg, og eg hadde vunne. I tillegg hadde eg fått det dokumentert. Det tok ikkje lange tida før eg prøvde meg igjen. Denne bylja var enda større. Og den var ikkje interessert i å leike med slike småungar som meg. den lot meg heller smake lanken, etterfølgjande av saltvatn. Ja ja, tenkte eg, det vart sikkert eit morosamt og spektakulært bilete. Etter denne bølgja kom det eit sett, større enn eit troll. Og eg fekk juling så det mona. Å padle gjennom det var ca like lett som å sette fyr på eit basseng. Eg drukna 7-8 gonger før eg hadde blitt dradd så langt bort at bølgja hadde mista styrken. Stian hadde gått gjennom same helvete og me kunne konstatere at eg hadde brista brettet, og han hadde brote av 2 finner i bruduljene mot bølgjene. Då me kom tilbake til båten sat fotografen å røykte. Så åt han. Så konstanterte han at han ikkje hadde tatt nokon bilete. Banneorda sat laust. Me hadde ofra liv og lemmar for å sikre skrytemateriale, også sit den late kødden der og gjer alt ana enn jobben sin. han rista på hovudet og skulda på at han hadde sitti for langt vekk.
I ein båt,
med motor,
på havet.
Me reiste heim til bali utan bilete, men med sundrivne brett og skamslåtte kroppar.