torsdag 19. februar 2009

dramatikk i kedongonan

Dramatikk i kedongonan.
Det har vore stor dramatikk i kedongonan desse dagane. Fredrik, som er den mest nevneverdige av sambuerane mine, fekk eit merkeleg utslett på hendene. Heile handflatene hans var brun/oransje og det heile såg ganske så sjukt ut. Til tross for bekymringane møtte Fredrik heltemodig opp til undervisning. Det gjekk slett ikkje bra. Då sjukepleiaren på skulen fekk sjå handflatene vara det ikkje lenge før guten blei sendt i hui og hast til sjukehus. Det blei det tatt masse prøver av Fredrik, men ingen skjønna kva dette kunne være. Dei hadde aldri sett noko liknande før. Fredrik vart offer for medisinsk undring og brune hender. Kva hadde skjedd? Hadde han tatt på noko, ete noko eller kanskje alle peigmenta han låg i handflatene? Han gjømte seg heime for å ikkje bli ledd ut av dei andre studentane. Som ein spedalsk levde han nokre dagar på rommet, der han pløya igjennom episode etter episode av entorage.
Etterkvart fann han likevel ut at han måtte komme seg ut i sola, det var jo delvis det han hadde kome hit for. Uheldige Fredrik vart sjølvsagt brent. På kvelden smørte han seg difor inn med ”nivea, after sun- with a touch of self-tan”.

2 kommentarer:

  1. vare kanskje self-tan kremen som gjorde henda hans brun-orange?

    SvarSlett
  2. det er framleis eit mysterium. men som andre store mysterium saa maa ein ofte bare stole paa dei faa indikatorane og spora som er aa finne. saa mykje kan faktisk tyde paa at det hadde noko med niveaen aa gjere.

    SvarSlett