torsdag 18. februar 2010

tamarindo

costa rica er dyrt. om ein skal samanlikne det med guatemala, er det ubrukeleg. naar me maatte i minibanken kvar dag aa ta ut 500NOK, fant me ut etter 10 dagar at busjettet med 10000NOK i maanaden var i ferd med aa sprekke som ein svenske paa langrennsstafett. me maatte difr ta grep. og etter aa ha ledd haanleg over "fattigare" turistar fraa soer amerika, som maatte lage sin eigen mat, i halvannan maanad, vart det naerast som aa gaa paa fattighuset daa me maatte i supermarknaden aa kjoepe ingredienser. men naud laerer naken kvinne at spinne, saa naa staar det broedskive med banan paa menyen kvar dag.
og i stadenfor aa bruke pengar paa fine middagar og fest paa kvelden har me laant oss eit skatboard(omtrent fra den tida skating var ulovleg i noreg) og morar oss, heilt gratis, paa det. saa seint paa kvelden(saa ingen ser oss) reiser me til den lokale skateparken, som har ein toeff pool, og lagar blaamerker paa oss sjoelve. yngve dreg toffe linjer og flip ditt og datt. eg derimot ser ut som ein danske som har sett utfor den svarte skibakken. ikkje saerleg estetisk, men frykteleg moro.
sk8 or die.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar