onsdag 3. februar 2010

guatemala

me har vore i antigua og lake atitlan. me kunne like gjerne vore paa hardangervidda. for de me har fyllt dagane med er soving, lesing og dyrking av dei heilage mp3-spillerane vaare. herregud, reise halve jorda rundt for aa lese om harry hole, og hoere paa odd nordstoga, seier du kanskje. og det seier kanskje me og. men me proeva aa unngaa det slik, tru meg me proeva. i timesvis gjekk me i dei endeslause og svert like gatene i antigua for aa sjaa om det kunne vere noko som likna ein fest. naerast med skremmande paagangsmot. men det viste seg aa vaere vansklegare enn reisehandboka vaar skulle tilseie. etter kvart gav me heilt opp, og gjekk inn i ein slags dvaletilstand der me venta paa vaaren, costa rica. sol strender og surf.
da var det jaggu godt at dei lokale vekte oss kvar morgon med saftige skuddsalver. ganske noyaktig kl 8 skoyt dei igang ein ny dag med ak47-ane sine. rykta skal ha det til at "alle" i guatemala har eit skytevaapen. dette kan godt stemme, viss dei ikkje har to. yngve fekk sett sin fyrste glock da han skulle ta ein royk ute. og ein ravande full kar kom og monterte pistolen, som om han skulle rulle ein royk. famlande proeveskoyt han mot veggen og kunne konstantere noko ikkje stemmte. truleg fordi kulene hans laag paa bakken. det fant han og ut av, trykte dei inn i kammeret, der dei hoerte heime, og forsvann med fingeren paa avtrekkaren ut i moerket.
me maatte sjoelvsagt hoere med localsa kvifor det var skuddsalver i hytt og pine. da sa dei at det ver ikkje farleg: "It's just party"
plutseleg fallt eit par bitar paa plass...

5 kommentarer:

  1. Kjære reisande. Heitt tips til underholdning i antigua dersom dikkøn skulle gå lei av skuddsalver: kjøp ei flaske rom, ein 2 liters cola, ein haug med plastglas, plasser dikkøn ved ein benk i byparken og spander raust på dei hundrevis av aleinereisande amerikanerane i denne vesle byen. Faren er der for at ein av dei hentar fram kassegitaren sin og dreg heile best of eric clapton for dikkøn, men ein amerikaner på reis i antigua for å finne seg sjølv kan likevel være det beste showet i verden.

    SvarSlett
  2. Eg synst du maa oppdatere det innlegget der litt no, haapa dei to stiste dagane kan drage opp intrykket dokke sitte igjen med litt:p Ha en fin tur vidare...

    SvarSlett
  3. "me kunne like gjerne vore paa hardangervidda. for de me har fyllt dagane med er soving, lesing og dyrking av dei heilage mp3-spillerane vaare. herregud, reise halve jorda rundt for aa lese om harry hole, og hoere paa odd nordstoga, seier du kanskje".

    Nå syns jeg dere hermer fælt etter turen til meg og Kjersti her! Vær litt kreative da, gutta.

    SvarSlett
  4. Bra blogg! Du skriver bra, men sier meg enig med Solveig; oppdater dette innlegget :P Haha

    SvarSlett
  5. synd me ikkje saag tipset oeverst foer naa. men det funkar hailt sikkert paa saa og seie alle dei andre destinasjonane og. i tulum traff me faktisk paa ein av desse aleinereisande. men han var ikkje paa ferie, har skulle reise rundt i heile latin amerika og gjere research til den store boka si om narkotika. noko som sjoelvsagt resultera i at han gjekk rundt i rus heile, heile tida. dette skulle han bruke eit par aar paa. kan bli spanande lesing. heldigvis, saa kom solveig, simen og gjengen som ein messias til oss. takka vere dei fekk me sjaa fargefyllte festar bak graa fasader, erta paa oss (aleinereisande) amerikanerar, og i det heile ha to forrykande kveldar. noko me angra bittert paa naar reisedagen kom og me hadde 2 timar og 5 minuttar soevn og promille paa 34. undertegna maatte springe fraa skanka i baggasjeinnsjekk, og reisekompanjongen meldte om vaerste fyllesjuke sidan tidenes morgon.
    men takk likevel.

    randi: me har bytta til lars saabye christensen og jack johnson.

    SvarSlett