søndag 14. februar 2010

costa rica' puerto vijeo og tamarindo

costa rica er det ein ser for seg naar ein ligg heime og droymer om betre tider. surfeboelger som kjem ut av intet, haerlege strender, godt over 30 pluss, smoothies og hyggelege folk.
det er litt som om du hadde flytta noreg nokre breddegrader soerover egentlig. eit velfungerande samfunn, der skule og helse virkar godt. staselege hoege fjell, med frodige dalar, og eit vegnett som ikkje liknar grisen. ein busstur som til vanleg ville tatt halvannan time tek 5. ein humpar seg gjennom jungelen med sjofoerar som liknar paa martin skanke, men girar som postmann pat. me prisa oss lukkelege over at me har herda oss med aa ta skulebussen opp og ned til dalen i 3 aar. amerikanerane hadde det verre.
saa kva hadde ein faatt dersom det hadde vore sol og 30 grader saa og seie heile tida i noreg? sannsynlegvis verdas lukklegaste folkeslag. og det slaar costa ricanerane fast at dei er. istaden for hei seier dei "pura vida", som er ca det same som "lev livet". og om ein skulle ha gloymt det iloepet av samtala saa minner dei deg paa det igjen naar det er tid for avskjed.

det var med andre ord ikkje like stor grad av action(les: dop og skuddsalver) som dei foeregaande plassane. daa var det sjoelvsagt ikkje ana raad enn aa oppsoeke moroa. saa etter aa ha smurt kvarandre inn med aloe vera tok me paa oss kvar sin "whife beater" og labba i veg til eit slossestemne. og me har vel aldri foelt oss saa mandige som da me sat med kvarsin oel, ringside, til utoeverar som gjorde sitt beste for aa lemleste motstanderen. det var blod, svette og taarer over ein laag boksesko. nokre maatte ut paa baare, mens andre kom seg ut paa gullstol. det mest underhaldane er likevel ikkje, knasa, svetten, blodet og testosteronet. det nydlegaste paa slike stemne er aa sjaa mannfolk, dumme som broed og stolte som hanar komme inn i ringen. dei har saa trua paa seg sjoelv at dei naerast svevar. etter maanader med trening i svette studio og med gaulande overvektige trenerar er endeleg daagen da dei ska faa loenn for strevet her. gradvis har dei kjent formen naerme seg, og no kan det rett og slett ikkje bli betre. kameratane har sagt dei ser farlege ut, trenaren har sagt dei ser fryktinngytande ut, speakeren har sagt dei ser ut som ville dyr og speglbildet har heile veka sagt at "stakkar den som skal bryne seg mot dette". ogsaa 5 minutt etter at kampen er igang ligg dei med nasen i parketten og pustar blod. og naar dei maa ha hjelp ut av ringen av kameratane, trenaren og speakeren saa ensar dei ikkje den brukne nasen, dei brista ribbeina, eller nyra som skal soerge for blod i urinen i vekesvis, det einaste dei kan kjenne er den overveldane foelelsen av ein stolthet som brast.
for to smaa og spinkle menn fraa jantelovens heimland er dette den eigenlege underhaldninga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar