tirsdag 9. mars 2010

koh tao

oya koh tao kryr av dykkerar. smaa og store, gamle og unge. ogsaa er det oss, som to gamle foreldre sit me at paa stranda daa dykkerane reiser uti, vinkar dei farvel og haapar det gaar bra. som to gamle foreldre legg me saa oss til i sola for aa brune huden, og faa rynkene yttlegare markert. som nokre gamle foreldre held me overraskande kort tid foer me maa i vatnet aa kjoele oss ner, men det er forjaeveleg varmt der og, og ordet pisslunka faar ein ny betydning. saa me reiser heller paa resturant og bestiller noko me ikkje kan namnet paa, men som like sikkert inneheld nudlar. som nokre gamle foreldre smattar me samstemde i at "mm, det va godt" sjoelv om me begge har smakt betre. saa etter det som foelest som heile dagen kjem dei opp att. heldigvis gjekk det bra med dei alle tenkjer me. og me haapar at ein av dei smaa borna skal komme aa dele opplevingane sine med oss, men alle bare strenar forbi. me faar ikkje hoere om saa mykje som ein fisk. og som nokre gamle foreldre sit me att, sure og grente, og forbannar oss over kor frekke dei dykkerane eigentleg er.
naar me blir leie av aa vere gamle foreldre saa maa me finne paa andre ting. hoppe fraa hoege steinar til doemes.foer eg seier noko meir, kan eg berolige dykk med at me lande mjukt, relativt jaffal, i vatn. me starta med 3, gjekk vidare til 9 og avslutta med 13. paa det sista drygde det i lengste langet med aa naa vassoverflata, og eg kan hugse at eg tenkte "aa fytti helvette". men yngve har fortalt at detta blei ikkje bare i mitt stille sinn, men at heile koh tao fekk hoyre mine lite velvade ord. men eg kom meg ner til slutt.
snorkle etter hai har me og proevd. her var det veldig viktig aa ikkje plaske med svoemmefoettene, sidan me da ville skremme bort haien. pinglehai. men naar ein har med seg ein som knapt nok klarer aa halde seg flytande (les: yngve) vart dette nermast som aa gaa paa jakt med ein dundrande cd-spelar under armen.
me faar halde oss til det ma kan: aa leike gamle foreldre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar