fredag 26. mars 2010

krabi, phi phi, phuket phi phi

eg maa beklage mine horder av ivrige fans og tilhengjerar med min latskap naar det kjem til blogging. det kan hende det kjem av at eg befinn meg i ein del av verda der latskap blir dyrka og heilaggjort. men slike unnskuldningar skal eg skaane dykk for. thailand er vakkert, det kan varte opp med krystallklart turkist vatn omgitt av dramatiske klipper og postkortstrender. kjoekkenet er spanande og saerdeles velsmakande. nudlar fraa mister lee og ris fraa onkel ben's bleiknar fort i forhold. dessutan er folket kjent for aa vere blide og hjelpsame. saa blide aa hjelpsame at thailand smykkar seg med tittelen "smilets land". med andre ord inneheld det alt det ein treng for aa lokke til seg turistar, og litt til. dette er thailands stoerste styrke, men desverre og stoerste svakhet. for det thailandske kjoekkenet er ikkje lie spanande naar det staar ved sidan av "svenske kjoettbullar" i menyen, som attpaatil er skriven paa norsk eller svensk. dei thailandske strendene er ikkje like vakre naar feite nordmenn ligg framom deg paa stranda og ropar etter meir oel. og dei thailandske smila er ikkje like sjarmerande naar dei kjem fraa 246 horer(sannsynlegvis ladyboys), ute paa byen.
saerleg eksotisk er det heller ikkje naar skreddaren heiter "holmenkollen tailor" og konkurrerer med naboen om aa sy norske bunader. kampen mellom gulskjortene og raudskjotene verkar uendeleg langt borte naar ein les om det i papirutgaven av dagbladet og vg, som sjoelvsagt er tilgjengeleg paa supermarknaden. som dykk skjoennar er turismen i thailand enorm, saerlig i fraa skandinavia. saa stor at smila til thai-ane anten har stivna eller gaatt over i dollarglis.
likevel har me vore her nesten ein maanad, og knapt hatt tid til aa blogge. det kan komme av at me har vore i godt selskap. stine og elise har dradd seg ut av australia og hengt med oss dei siste vekene. eller saa har det vore me som har hengt med dei. me har i alle fall hengt saman. i tillegg fekk elise besoek av astrid og ida. ein svert fin gruppe aa reise med med andre ord. saman har me besoekt vakre strender, tatt masage og t og med fanga ein 3 kilo stor baracuda.
i morgo er me imidlertid aaleine att, og da gaar turen til kambodsja eller laos. me veit ikkje heilt, og det er det beste med det heile.
me faar haape at dei landa er hakket meir autentiske.

1 kommentar:

  1. va jaggu på tide å oppdatere ja.

    Mvh irritert "stalker"

    SvarSlett