costa rica er det ein ser for seg naar ein ligg heime og droymer om betre tider. surfeboelger som kjem ut av intet, haerlege strender, godt over 30 pluss, smoothies og hyggelege folk.
det er litt som om du hadde flytta noreg nokre breddegrader soerover egentlig. eit velfungerande samfunn, der skule og helse virkar godt. staselege hoege fjell, med frodige dalar, og eit vegnett som ikkje liknar grisen. ein busstur som til vanleg ville tatt halvannan time tek 5. ein humpar seg gjennom jungelen med sjofoerar som liknar paa martin skanke, men girar som postmann pat. me prisa oss lukkelege over at me har herda oss med aa ta skulebussen opp og ned til dalen i 3 aar. amerikanerane hadde det verre.
saa kva hadde ein faatt dersom det hadde vore sol og 30 grader saa og seie heile tida i noreg? sannsynlegvis verdas lukklegaste folkeslag. og det slaar costa ricanerane fast at dei er. istaden for hei seier dei "pura vida", som er ca det same som "lev livet". og om ein skulle ha gloymt det iloepet av samtala saa minner dei deg paa det igjen naar det er tid for avskjed.
det var med andre ord ikkje like stor grad av action(les: dop og skuddsalver) som dei foeregaande plassane. daa var det sjoelvsagt ikkje ana raad enn aa oppsoeke moroa. saa etter aa ha smurt kvarandre inn med aloe vera tok me paa oss kvar sin "whife beater" og labba i veg til eit slossestemne. og me har vel aldri foelt oss saa mandige som da me sat med kvarsin oel, ringside, til utoeverar som gjorde sitt beste for aa lemleste motstanderen. det var blod, svette og taarer over ein laag boksesko. nokre maatte ut paa baare, mens andre kom seg ut paa gullstol. det mest underhaldane er likevel ikkje, knasa, svetten, blodet og testosteronet. det nydlegaste paa slike stemne er aa sjaa mannfolk, dumme som broed og stolte som hanar komme inn i ringen. dei har saa trua paa seg sjoelv at dei naerast svevar. etter maanader med trening i svette studio og med gaulande overvektige trenerar er endeleg daagen da dei ska faa loenn for strevet her. gradvis har dei kjent formen naerme seg, og no kan det rett og slett ikkje bli betre. kameratane har sagt dei ser farlege ut, trenaren har sagt dei ser fryktinngytande ut, speakeren har sagt dei ser ut som ville dyr og speglbildet har heile veka sagt at "stakkar den som skal bryne seg mot dette". ogsaa 5 minutt etter at kampen er igang ligg dei med nasen i parketten og pustar blod. og naar dei maa ha hjelp ut av ringen av kameratane, trenaren og speakeren saa ensar dei ikkje den brukne nasen, dei brista ribbeina, eller nyra som skal soerge for blod i urinen i vekesvis, det einaste dei kan kjenne er den overveldane foelelsen av ein stolthet som brast.
for to smaa og spinkle menn fraa jantelovens heimland er dette den eigenlege underhaldninga.
søndag 14. februar 2010
onsdag 3. februar 2010
guatemala
me har vore i antigua og lake atitlan. me kunne like gjerne vore paa hardangervidda. for de me har fyllt dagane med er soving, lesing og dyrking av dei heilage mp3-spillerane vaare. herregud, reise halve jorda rundt for aa lese om harry hole, og hoere paa odd nordstoga, seier du kanskje. og det seier kanskje me og. men me proeva aa unngaa det slik, tru meg me proeva. i timesvis gjekk me i dei endeslause og svert like gatene i antigua for aa sjaa om det kunne vere noko som likna ein fest. naerast med skremmande paagangsmot. men det viste seg aa vaere vansklegare enn reisehandboka vaar skulle tilseie. etter kvart gav me heilt opp, og gjekk inn i ein slags dvaletilstand der me venta paa vaaren, costa rica. sol strender og surf.
da var det jaggu godt at dei lokale vekte oss kvar morgon med saftige skuddsalver. ganske noyaktig kl 8 skoyt dei igang ein ny dag med ak47-ane sine. rykta skal ha det til at "alle" i guatemala har eit skytevaapen. dette kan godt stemme, viss dei ikkje har to. yngve fekk sett sin fyrste glock da han skulle ta ein royk ute. og ein ravande full kar kom og monterte pistolen, som om han skulle rulle ein royk. famlande proeveskoyt han mot veggen og kunne konstantere noko ikkje stemmte. truleg fordi kulene hans laag paa bakken. det fant han og ut av, trykte dei inn i kammeret, der dei hoerte heime, og forsvann med fingeren paa avtrekkaren ut i moerket.
me maatte sjoelvsagt hoere med localsa kvifor det var skuddsalver i hytt og pine. da sa dei at det ver ikkje farleg: "It's just party"
plutseleg fallt eit par bitar paa plass...
da var det jaggu godt at dei lokale vekte oss kvar morgon med saftige skuddsalver. ganske noyaktig kl 8 skoyt dei igang ein ny dag med ak47-ane sine. rykta skal ha det til at "alle" i guatemala har eit skytevaapen. dette kan godt stemme, viss dei ikkje har to. yngve fekk sett sin fyrste glock da han skulle ta ein royk ute. og ein ravande full kar kom og monterte pistolen, som om han skulle rulle ein royk. famlande proeveskoyt han mot veggen og kunne konstantere noko ikkje stemmte. truleg fordi kulene hans laag paa bakken. det fant han og ut av, trykte dei inn i kammeret, der dei hoerte heime, og forsvann med fingeren paa avtrekkaren ut i moerket.
me maatte sjoelvsagt hoere med localsa kvifor det var skuddsalver i hytt og pine. da sa dei at det ver ikkje farleg: "It's just party"
plutseleg fallt eit par bitar paa plass...
tirsdag 26. januar 2010
guatemala - flores og tikal

har du vore ute i aamot kl 3 paa natta foer? omtrent saa roleg er det heile tida i flores. dette er byen som aldrig vaaknar. ein by paa omtrent 2000 innbyggerar som ligg paa ei lita oy i guatemalas 2. stoerste innsjoe. trange trivlege gater, raude tak, 3 tre og et knippe restauranter. detta er plassen mamma ville elska for sin middelhavsstemning og gamle arkitettur.
fint det.
ikkje langt unna ligg dei majestetiske mayaruinane tikal. ein verkeleg overveldande oppleving. over 200 000 budde i og rundt omraadet, som vart paabegynt omtrent 900 f.kr. og siste bygningen er fraa rundt 800 e.kr. det er framleis uvisst kva som skjedde med det velfungerande samfunnet. men det etterlatte seg ruinar som det er umuleg aa ikkje la seg beundre over. dei hadde blandt ana svaert avanserte kalendersystem osv. resten kan dykk lese paa wikipedia antek eg;)
kjempe fint det.
belize-caye caulker

no shirt
no shoes
no problem
det er ordlyden paa denne sjarmerande billause oya rett utanfor belize. her er det om aa gjere aa gaa seint, banne mykje og royke ennaa meir. me e truleg dei einaste i latin amerika som ikkje brukar narkotiske stoff(turistar inkludert). aa bli pusha narkotiske substanser aapenlyst fleire gonger i timen e uvant for ein som kjem fraa ein plass der det er borgarvern mot hasj. men det gaar heldivis fint aa seie nei. yngve trudde han hadde funne framgangsmaaten for aa verken maatte kjoepe eller aa maatte doe viss dei blei sinna naar avvisninga kom. han sa bare "maybe tomorrow", sidan "dei ikke ville drepe ein potensiell kunde". problemet var bare at oya va mindre enn aamot og me va der fleire dagar. langarane kom daa med argument som "today is tomorrow", noko yngve raskt slo tilbake med "yes, but maybe tomorrow". slik holdt me oss dopfrie, og i live, paa paradisoya, som forovrig va varmt som helvette. langerane(da meiner eg alle mannlege innbyggerar) var foroeverig eit studium i seg sjoelv. dei gamle ville ligne paa bob marley, og dei unge ville ligne paa 50 cent. til vekslande hell sjoelvsagt.
ellers moette me paa ein haug med trivlege folk som hadde dei samme interressene som oss sjoelve; aaa slappe av, ete god mat og drikke oel
da me humpa oss ut av belize paa humpete grusvegar, solbrune og blide, og bob marley sang"don´t worry about a thing, every little thing is gonna be allright", var eg overbevist om at bob va inne paa noko.
you better belize it.
mandag 18. januar 2010
tulum

livet som backpacker e visst heilt greit. sidan me kom t tulum har opplevingane staatt i koe. me har sett fantastiske mayaruinar, svoemmt med svaere havskilpadder, bada i underjordiske innsjoear og deltatt paa salsakurs. vel, det boer vel nevnast at me var dei einaste paa kurset som ikkje dansa. eit par corona e kje nok for to hardbarka nordmenn t aa bli lause i snippen. men me moette opp, og det e da vel det viktigaste. i tillegg til dette har me rukke aa feire bursdagen min og truffe masse flotte menneske.
stinkande romkameratar, skitne rom, kraaslege bad, toalettpapir i boette, mygg, kloakkeim naa og da, og konstante spraakproblem, er med andre ord, langt fraa nok t aa sette ein dempar paa tilvaeret.
haapar dykk frys.
torsdag 14. januar 2010
cancun
har du i eit svakt augneblunk sett paa dei halvpornografiske "girls gone wild" filmane? har du i ein svart time av livet ditt sett uhyggeleg fulle jenter vise puppene for ei lusen t-skjorte? da har du sett cancun. dette er syndens by. "all inclusive"-hotell og "all inclusive"-barar ligg side om side som svarte, skitne perler paa ei snor. dette er plassen vaaryre amerikanske tenaaringar, som enda er for unge til aa drikke heime, faar utloep for sine behov for alkohol, merksemd og kanskje litt tilfeldig sex hist og pist. dresscoden er den samme som paa ungkarsfestivel, og countryfestivalen. dette er som eit russetreff som aldri tek slutt, opplyst i glorete neon. dette er plassen der ein blir tilbydt narkotiske substandser over ein lav sko, dette er plassen der magnus(les:bror 14aar) kunne drukke seg fra sans og samling framfoere glisande bartenderar, saa lenge han vifta med dollerar. dette er plassen alkoholen er billig og angeren dyr. det vil seie; heile plassen er dyr, lokalbefolkninga er sure og leie(som rett og rimeleg er) og turistane er... amerikanerar.
sjoelvsagt er det morosamt, ja me nektar ikkje for det. men det er og dyrt, slitsamt og ikkje minst veldig usjarmerande. saa naa ska me sydover, der mayaruinane regjerer framfor diskoteka.
me reiser i morgo, ska bare ta oss ein fest fyrst.
sjoelvsagt er det morosamt, ja me nektar ikkje for det. men det er og dyrt, slitsamt og ikkje minst veldig usjarmerande. saa naa ska me sydover, der mayaruinane regjerer framfor diskoteka.
me reiser i morgo, ska bare ta oss ein fest fyrst.
mandag 11. januar 2010
new york.

gutta fra calcutta tok seg inn i storbyen ein foeremiddag i januar. me hadde 3 dagar til raadighet og maatte fylle dei til randen av turistattraksjonar, bilete og fett. og det er med glede at eg kan berette at me klara kunststykket med god margin. aa ramse opp alle turistattraksjonane me saag er ikkje mykje givande. eg kan heller sei at me saag ut som japanske turistar paa speed, der me knipsa, smilte og viste V-tegn til alt og alle. det aa ete fett fekk me og gjordt. etter frukost var ein mett heile dagen, men mat maa ein ha likevel. saa me inntok det eine kaloririke maaltidet etter det andre. burgerar, popcornbotter utan botn, spareribs, egg og bacon, pannekaker. det va som ein kjente blodaarene snurpe seg sammen, og magen elta seg ut for kvart tygg. siste dagen va me leie og slo til med sunn mat. det resulterte i at undertegna laag stoennande i fosterstilling med eit mageknip eg ikkje har kjent maken til sidan dagane, da nettene vart lange, av voksesmerter.
ps: yngve syntest New York va kjempe-lite.
Abonner på:
Innlegg (Atom)