mandag 11. januar 2010

new york.


gutta fra calcutta tok seg inn i storbyen ein foeremiddag i januar. me hadde 3 dagar til raadighet og maatte fylle dei til randen av turistattraksjonar, bilete og fett. og det er med glede at eg kan berette at me klara kunststykket med god margin. aa ramse opp alle turistattraksjonane me saag er ikkje mykje givande. eg kan heller sei at me saag ut som japanske turistar paa speed, der me knipsa, smilte og viste V-tegn til alt og alle. det aa ete fett fekk me og gjordt. etter frukost var ein mett heile dagen, men mat maa ein ha likevel. saa me inntok det eine kaloririke maaltidet etter det andre. burgerar, popcornbotter utan botn, spareribs, egg og bacon, pannekaker. det va som ein kjente blodaarene snurpe seg sammen, og magen elta seg ut for kvart tygg. siste dagen va me leie og slo til med sunn mat. det resulterte i at undertegna laag stoennande i fosterstilling med eit mageknip eg ikkje har kjent maken til sidan dagane, da nettene vart lange, av voksesmerter.

ps: yngve syntest New York va kjempe-lite.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar