fredag 7. mai 2010

heime att

etter ein strålande månad i indonesia e me vel heime att. den store dannelsesreisa er over, og me sit att med ein brukbar brunfarge, masse opplevingar og ein tom bankkonto. yngve traff faktisk så godt med budsjettet at han kom heim med ein stad mellom 20 og 50 kr på kortet. iskald beregning.
reisa heim att var av det lærerike slaget. mellomlanding på 10 timar i kuala lumpur, og 12 timar i bangkok gjekk overraskande greit. og på flyet var eg så heldig at eg fekk sitte ved sidanav ein norsk pokerspillar med mange gode histroiar på veg heim att. han kunne fortelle kor dei beste horene va i thailand, og asia og for den del. dersom ein ville at jentene skulle leike med kvarandre måtte ein reise til filipinene, angels city. der va det vist nok både billeg og bra. ein kompis av han hadde rekorden med 7 jenter på ei gong. det skulla han og prøve neste gong. horene kosta tross alt bere 150 kr. men han driv ikkje på med slik så mykje nå lenger. han hadde fonni ei bra ei på 155 cm, 44 kilo og dessutan store pupper(noko som var ein sjeldanhet i asia). dessutan va ho jo gratis når ho budde med han. når eg ymta framom at eg kom til å ta ei sovepille, for å sleppe kvardagens kjas og mas, ver han raskt frampå med å fortelje korleis ein skulle lure tollen. sjølv hadde han 500 viagra i sekken som han skulle selje for 100 kr stykk. tommelfingerregelen va å gå på rødt og vere dum og blåaugd. læra om smugling tok sin tid det og. eg spurde han like godt om han og ikkje ville ha ei pille. det kunne han fortelje at han ikkje trong. han hadde nemleg eit par brett med valium til rådighet. forklaringa på kvifor ein skulle poppe valium framfor sovepille fekk eg utan å spørje. endeleg var det tid for mat. og eg håpa i det lengste at han ville få det travelt med å tygje framfor å prate. men han klara å gjere begge delar på ein gong. då kom han inn på kor drit flymat smaka og kva slags flyselskap som hadde dei beste flyvertinnene. omsider tok valiumen hans til å verke.
på det neste flyet vart eg kjent med ein norsk sjømann av same kaliber som den forrige. han hadde nesten dei same historiane, berre at han fortalde dei med eit merkbart høgare stemmeleie, og med spitånde og insisterande raudskutte auger. karen va omtrent 100 kilo med musklar og slitne innvollar, og ein slik som ein er enig med same kva han seier. eg anstrengde meg verkeleg for å vere enig med han, og eg lukkast tilsynelatande. for på tax free-en på gardermoen ga han med peace-tegnet og eit velmeint blunk, før han klirra seg mot tollen med gull rundt nakken.
da var det oppfriskande med kaffe på oslos mest utrivlege kafe, med oslos trivlegaste folk før me tok turen til bø, kor anders smila berre slik han kan smile.

det er verdt å nemne at på andre sida av meg, gjennom brask og brann, sat min trufaste reisekompis, yngve. som ska ha heder og ære, og så mange takk ein klarer å sei, før ein blir tørr i kjeften, for sitt tolmod, sinn og humør.
hjarteleg takk for turen yngve, det blir ikkje den siste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar