torsdag 14. januar 2010

cancun

har du i eit svakt augneblunk sett paa dei halvpornografiske "girls gone wild" filmane? har du i ein svart time av livet ditt sett uhyggeleg fulle jenter vise puppene for ei lusen t-skjorte? da har du sett cancun. dette er syndens by. "all inclusive"-hotell og "all inclusive"-barar ligg side om side som svarte, skitne perler paa ei snor. dette er plassen vaaryre amerikanske tenaaringar, som enda er for unge til aa drikke heime, faar utloep for sine behov for alkohol, merksemd og kanskje litt tilfeldig sex hist og pist. dresscoden er den samme som paa ungkarsfestivel, og countryfestivalen. dette er som eit russetreff som aldri tek slutt, opplyst i glorete neon. dette er plassen der ein blir tilbydt narkotiske substandser over ein lav sko, dette er plassen der magnus(les:bror 14aar) kunne drukke seg fra sans og samling framfoere glisande bartenderar, saa lenge han vifta med dollerar. dette er plassen alkoholen er billig og angeren dyr. det vil seie; heile plassen er dyr, lokalbefolkninga er sure og leie(som rett og rimeleg er) og turistane er... amerikanerar.
sjoelvsagt er det morosamt, ja me nektar ikkje for det. men det er og dyrt, slitsamt og ikkje minst veldig usjarmerande. saa naa ska me sydover, der mayaruinane regjerer framfor diskoteka.
me reiser i morgo, ska bare ta oss ein fest fyrst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar